Vår Familie
Svein H. Ernstsen

Startside  |  Hva er nytt?  |  Bilder  |  Historier  |  Gravsteiner  |  Rapporter  |  Etternavn
Søk
Fornavn:


Etternavn:



Legg til bokmerke

Olav Torbjørnson

Mann Ca 1570 - 1637  (67 år)


Personlig informasjon    |    Notater    |    Alle

  • Navn Olav Torbjørnson 
    Fødsel Ca 1570  Sandven, Kvam, Hordaland Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Kjønn Mann 
    Yrke Storbonde, gardseiar, lensmann og lagrettesmann 
    Død 1637  Sandven, Kvam, Hordaland Finn alle personer med hendelser på dette stedet 
    Person ID I3202  tree1
    Sist endret 4 Des 2019 

    Far Torbjørn Olavson, til Sandven,   f. 1530, Sandven, Kvam, Hordaland Finn alle personer med hendelser på dette stedetd. 1605, Sandven, Kvam, Hordaland Finn alle personer med hendelser på dette stedet (Alder 75 år) 
    Mor Christina Pedersdtr 
    Famile ID F10025  Gruppeskjema  |  Familiediagram

    Familie Ågot Simonsdotter Børve,   f. Ca 1580   d. Ca 1658 (Alder 78 år) 
    Famile ID F3404  Gruppeskjema  |  Familiediagram
    Sist endret 2 Apr 2017 

  • Notater 
    • (Sumt tyder på at Olav hadde eit uekte barn med ei Anna Jonsdtr.) (Ein Olav Olavson Sandven vart utskriven til Bremerholm i 1638, mogeleg son til Olav Torbjørnsjon.)

      Olav er nemnd som busitjar på Sandven i tidi 1603-1635, og som lagrettesmann er han nemnd alt frå 1590 åri. Han bruka halve Sandven men åtte berre 2 laupar smør i denne garden. Men Olav var ein stor godseigar som i 1629 skatta av 20 laupar smør, 4 huder, 6 bukkeskinn, 1 geiteskinn, sauskinn, 9 laupar salt og 4 tunner korn omframt sin åsetesgard, Sandven. Han åtte heilt elles delvis desse gardane: Folkedal, Kvanndal, Hakastad, Hesthamar, Lote, Alvsåker, Hjølmo, Røyso, Bu, Møn, Moo, Store Rokne og Gjerstad på Voss. I Kvam åtte han luter i Øvsthus, Flotve, Steine, Århus og Mo i Øystese. Dessutan åtte han i storgarden Torsnes. Alt samlagt var dette slike eigner som ingen mann i Kvam har rådd yver, korskje før eller seinare, og han er den gjævaste bonden som har seti på gard i Kvam. I 1602 var han ombotsmann for Vikøy kyrkja og heldt då ei stor omsvøla på kyrkjehuset. Hans namn stod å lesa yver kordøri i gamlekyrkja til ho vart riven i 1836. I 1609 vart han bygdi sin lensmann og hadde ombodet til i 1622. Hans seglmerke er å finna på ei mengd dokument frå den tid, og det ser ut som han har vore "pott og panne" i bygdi. Olav og Jon Børve vart i 1608 sett under tiltale fordi dei hadde kalla ein ny prest til Vikøy, og laut bøta for det. Ein annan gong vart dei same tiltala fordi dei hadde teke imot og hyst ein rømling. Attåt jordbruket på Sandven som gav 14-15 mæler i tiend, dreiv Olav sagbruk i Kaldestadelvi, der det i 1625 vart skore 48 tylvter bord.



      Olav skulle ha ei fosterdotter, Sella Haktorsdotter.